Forfatter: Brynjulf Jung Tjønn
Tema: Adopsjon, identitet, tilhørighet, utenforskap
Alder: Ungdom, Unge voksne, Voksne
Sterke dikt om adopsjon, utanforskap og kjensle av å høyre til
I «Norsk kjærleik» held Brynjulf Jung Tjønn fram med å utforske fleire av dei same problemstillingane som i den kritikarroste diktsamlinga, «Kvit norsk mann», som utanforskap, identitet og rasisme.
Desse dikta handlar og om det å vere adoptert og det vanskelege med adopsjonsindustrien. Dikta kretsar rundt spørsmål som: Kva er eit barn verdt og kva går for alltid tapt når eit barn vert ei vare? Kven var foreldra som ga han bort, og kvifor gjorde dei det? Dei mista eit barn, men kva har han mista; eit heilt land, ein kultur og nokon å kjenne seg igjen i? Kva er kjærleik? Kva vil det seie å vere norsk?
Boka har eit luftig oppsett og korte setningar.
Språket er enkelt og direkte.
Les også «Kvit norsk mann».
så leng eg kan hugse
har eg fått spørsmål
om kor eg eigentleg kjem frå
så lenge eg kan hugse
har eg forsøkt å kome med eit svar
oppvaksen i feios på vestlandet
men adoptert frå sør-korea
dette innøvde svaret
for å unngå fleire spørsmål
men sanninga er at
eg ikkje veit kor eg kjem frå
eg veit ikkje kven eg eigentleg er
eg er over 40 år
har levd gjenomsnitteleg halve livet
eg har fire barn
dei veit ikkje kven eg er
eg står og ser på meg i spegelen
kor kjem dette ansiktet frå?
kor kjem desse rynkenei panna frå?
kor kjem denne nasen
og denne munnen frå?
kven arve eg kinna frå?
kor blei denne kroppen
elta fram og fødd?
kor blei denne kroppen
amma og fostra opp?
eg veit ikkje korleis dei biologiske foreldra mine ser ut
eg veit ikkje korleis de møttest
eg veit ikkje korleis dei såg på kvarandre
med forelska blikk
korleis dei kunne halde rundt og kysse kvarandre
korleis dei saman kunne få meg
eg har aldri sett kjærleiken
mellom foreldra mine
kjærleiken som skapte meg
eller kanskje var det ikkje kjærleik
kanskje heldt dei ikkje rundt kvarandre
med forelska blikk
kanskje heldt faren min mora mi fast
tvang henne til å kle av seg
på eit skittent hotellrom
i ei mørk bakgate
og då han var ferdig
forlét han henne på asfalten
eg veit ikkje kven som fødte meg
eg veit ikkje kor eg kjem frå
eg kan kome frå kjærleik
eg kan komme frå hat
eg er over 40 år
eit halvt liv uten å vite
kven eg eigentleg er
og kor eg eigentleg kejm frå
eit halvt liv igjen
til å aldri finne ut av det
Forlag: Cappelen Damm
ISBN: 9788202845179