Isak bur åleine med mora på ein gard
Kjøleskapet er ofte tomt. Skitne kler ligg slengt rundt og
mora vil helst vere åleine.
Men så flyttar det inn ein ny mann på nabogarden.
Han gir Isak tyggis og kjeks.
Og luktar på håret hans.
Kanskje kan han bli den nye venen til Isak?
Handlinga er sentrert i ei lita bygd med få karakterar, universet er oversiktleg.
Boka har korte kapittel og gir lesaren naturlege pauser.
Setningane er korte og mykje av handlinga blir underkommunisert.
Men eg såg det i auga til foreldra hans. At dei ikkje
ville at eg skulle vere der. At dei ville at eg skulle gå. Det
var noko med auga. Dei såg meg. Utan å seie noko. Det
skjer så ofte. Vaksne som ser på meg. Utan å seie nok til
meg. Men eg skjønar kva dei tenker.
Boka er en del av: 100-lista
Forlag: Cappelen Damm
ISBN: 9788202703110