Hopp til innhold

Klodeklubben. Dei svarte svanene

Klodeklubben. Dei svarte svanene

Om boka

Nokon forureinar fjorden og badeplassen
Vanja, Sivert og Mo går i same klasse.
Dei har oppdaga at nokon heller olje i fjorden
om natta når alle søv. Dei bestemmer seg
for å finna miljøskurkane. Vanja tar leiinga. Ho
er smart og ikkje redd for noko, men Sivert synest at ho kanskje burde vore
litt reddare. Mo er ny i byen og med på alt.

Det blir farleg når skumle fyrar
og sinte bikkjer dukkar opp, men dei
tre detektivane gir seg ikkje. Saka skal løysast!

Boka har stor font og mange illustrasjonar.
Det er mykje dialog og få og tydelege karakterar. Nokre vanskelege setningar og ord.
Du finner fleire bøker i serien på biblioteket.

Utdrag fra boka

Dei tek fram kikkertane og ser på lastebilen.
Først køyrer han sakte forbi rekkja der Mo
og Sivert bur, så inn gjennom fabrikkporten.
– Der ser de, kviskrar Sivert og stiller på
kikkerten for å sjå best mogleg. – Akkurat
som i går kveld. er det ikkje sprøtt?
Lastebilen køyrer gjennom porten og inn på
området. Så ryggar han ut mot kaikanten.
Det er langt bort dit. Likevel kan dei høyre
at noko renn ut i fjorden. Det høyrest ut
som om ein kjempedinosaur står og tissar.
– Kva kan det vere? spør Sivert.
– Olje, kviskrar Mo tilbake.
– Det må det vere. Fy flate…
Til slutt køyrer bilen ut av porten,
rundt vika og inn på fabrikkområdet.
– La oss dra heim før nokon oppdagar
at vi er borte, kviskrar Sivert.

Boka er en del av: 100-lista, Bærekraftsbiblioteket

Del av serien: Klodeklubben

Antall sider: 97

Utgivelsesår: 2020

Språk: nynorsk

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788252198744

Lån boka på ditt bibliotek: