Hopp til innhold

Vintertonar

Vintertonar

Forfatter: Anders Totland

Tema: familie, foreldre, oppvekst, søsken

Alder: Voksne

Om boka

Isak er forfattar og bur i Bergen med kjærasten Ine.
Han har ikkje vore heime hos familien sin på mange år.
Så ringer svogeren Jon og ber han om å komma heim,
faren er sjuk. Isak set seg på hurtigbåten med
ei dårleg kjensle i kroppen. Han veit ting om faren som
dei aldri har snakka om. Han veit kva som skjedde.

Boka har korte kapittel og korte setningar. Språket
er enkelt, men nokre overgangar og hopp i tid
kan vera litt vanskelege å følgje.

 

Utdrag fra boka

- Du veit han er for stolt til å ringa sjølv, seier Jon.
det er berre så vidt orda når gjennom telefonen.
Eg trekker pusten djupt og kjenner uroa vekse
i heile kroppen. Den sydande kjensla av at noko
ikkje er som det skal. Eg veit kor ho sit,
har kjent det før.
- Kor alvorleg er det, eigentleg?
- Du bør komma, seier Jon.
- No?
Det blir stille i telefonen.
- Det er berre fire dagar til jul, seier eg.
eg høyrer pusten til Jon som veks til eit kremt,
stemma som motar seg opp.
- Me skulle ha ringt for lenge sidan, seier Jon.
- Dei skulle sjølvsagt ha sagt noko før. Men du veit
korleis dei er. Både far din og Rakel. Du kjenner
dei jo.
- Men ...
- De må snakka saman, seier Jon. - Før det er
for seint. Dette kan ikkje fortsetja.

Boka er en del av: 100-lista

Antall sider: 137

Utgivelsesår: 2019

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: skjønnlitteratur

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788234000751

Lån boka på ditt bibliotek: