Hopp til innhold

Tusenfryd

Tusenfryd

Forfatter: Lars Mæhle

Tema: oppvekst, skole, ungdomstid

Alder: Ungdom

Om boka

Åtte ungdomsnoveller om viktige val
Vi møter seks ungdommar
som står oppi viktige hendingar i liva deira.
Alle bur i den same bygda og går på den same
skulen. Ikkje alle kjenner kvarandre så godt,
men liva deira tvinnar seg inn i kvarandre på ulike vis.

Til  felles har dei opplevingar som
får stor tyding for liva deira vidare.

Dette er relativt korte noveller på mellom 10 og 20 sider.
Dei kan lesast samanhengande eller separat.
Teksten er luftig og har tydeleg markerte avsnitt
og mykje dialog.

Utdrag fra boka

Fred opna døra til Grillen for kompisen.
Kaleb smatt inn, men stansa brått like innanfor.
Også Fred stivna på dørterskelen.
Adrian.
Han hoppa ned frå ein barkrakk ved vindauget
og kom mot dei med eit breitt glis. På skolen var
det liksom alltid dei tre.
Det var umogeleg å bli kvitt han.
– Neimen, halla!
Han studerte Fred og Kaleb ovanfrå og ned, slik
berrre Adrian kunne. Det murra i hovudet til
Fred.
– Har de noko hemmeleg på gang, eller? heldt
Andrian fram.
Fred svelgde, men forsøkte å verke så kul som
mogeleg.
– Har vi vel ikkje. Har berre lova å spandere
burgar på Kaleb.
Adrian lo falskt.
– Og ikkje på meg?
Så dunka han knyttneven hnallhardt i skuldra
til Fred. Det gjorde dritvondt. Som alltid når
Adrian slo.

Boka er en del av: 100-lista

Antall sider: 128

Utgivelsesår: 2022

Språk: nynorsk

Forlag: Samlaget

ISBN: 978823400689