Spelemannen frå Korsneset

Om boka

Karl Gustav ønskjer seg vekk frå den karrige garden på Korsneset.
Helst vil han spele og lage slåttar.
Han blir tatt opp i Kong Oscar IIs Garde,
og får reise til Kristiania.

Etter mange lærerike år i Kristiania,
må han heim for å ta over odelen.

Pliktene kallar.
Heime er også Anne Sofie, som har lova å vente på han.

Boka har stor skrift og korte setningar.
Oppsettet gir eit lett og luftig inntrykk.

Utdrag fra boka

Karl Gustav dreg handa gjennom håret. Ei uro
har sett seg i kroppen. Han ventar på eit brev.
Han er 18 år og vil ut i verda. Vekk frå denne
karrige plassen.

Han tek opp ein mosedott, gnir han til smular
og drysser dei utover. Rett etter nyttår var han
på sesjon i Ålesund. Det gjekk særs bra. Derfor har
han søkt seg til Garden i Kristiania. Det er ein fin
stad å starte. Dersom han blir teken inn.

Karl Gustav ser mot himmelen, der blått har blitt
rosa. Det er så vakkert. Augo blir våte. Han tørkar
seg med handbaken. Noko byggjer seg opp.
Tonar leikar i hovudet. Han nynnar og smiler.
Nynnar ein gong til og reiser seg. Går inn i huset
og finn blyant og papir. Fela tek han under armen.
Han må skrive ned slåtten før han blir borte.