Forfatter: Brynjulf Jung Tjønn
Tema: identitet, rasisme, utenforskap
Alder: Ungdom, Unge voksne, Voksne
Ei vond og viktig bok om utanforskap og rasisme
Desse korte dikta tek for seg forfattarens eigen oppvekst på
ein gard på Vestlandet. Han skildrar gode oppvekstkår og
trygge vaksne.
Han skildrar òg korleis omgivnadane på
meir eller mindre subtile måtar skil han ut frå flokken
som ein som er annleis, mange små stikk som etter kvart
gjev guten ei sterk kjensle av å ikkje høyra til. Også som
vaksen mann møter han dei same haldningane.
Dette er ei bok som set spor hos lesaren. Ho opnar
auga våre for korleis vi i lite og stort skil mellom
dei vi tenkjer at liknar oss sjølve, og dei vi tenkjer
ikkje gjer det.
Boka har eit luftig oppsett og korte setningar.
Språket er enkelt og direkte.
i eit bryllaup kjem brura sin far
bort til meg og spør
where are you from?
eg svarar
at eg er norsk
at eg er adoptert frå sør-korea
men har vakse opp nesten heile livet
på en gard på vestlandet
han spør meg
om eg trivst
med å bu
i norge
Forlag: Cappelen Damm
ISBN: 9788202766610