Dette er ei faktabok om hendene dine
Og om hendene til mange dyr.
Til og med sjiraffen har hender, og
det har fuglane òg, men dei brukar
hendene litt annleis enn du og eg gjer.
Denne boka har veldig lite tekst og
fine illustrasjonar. Kvar illustrasjon går
over heile oppslaget.
Armen din har veldig mange bein.
Dersom du tel alle saman,
kjem du heilt til 30!
Tommelen din er ekstra
spesiell. Med den kan du gripe og
klype og bla i ei bok som denne.
Tigeren, flaggermusa, kvalen og hesten
brukar hendene sine til heilt andre ting
enn å bla i bøker. Dyra klorar og flaksar
og padlar og spring. Klarar du å gjere
det same?
Boka er en del av: 100-lista
Forlag: Samlaget
ISBN: 9788252198119