Om boka

Thea har aldri feira bursdagen sin.
Mora var aldri i form til det.
No er mora på sjukehus og Thea bur i fosterheim.
Kjem ho nokon gong til å føle seg heime der?
Det er mykje latter og hygge i den nye familien.
Thea kjenner seg utanfor.
Men ho har kunsten. Og teikninga.

Ei rørande bok om å kjenne seg utanfor.
Om å ikkje klare å sette ord på kjenslene.
Og om å søke seg til ein annan plass.

Boka har korte setningar og stort sett enkle ord.
Det er mykje luft på sidene, med korte kapittel.

Utdrag fra boka

Eg står der og kjempar med gråten.
Då leg Hilde armane om meg og trekkjer meg
inn til seg.
Då kjem tårene. Dei berre fossar fram.
Like innanfor døra sit mamma og har det vondt
inni seg. Og det er ingen ting eg kan gjera for
henne.

Boka er en del av: