Hopp til innhold

Bøen

Bøen

Om boka

Gras og grenser
Agnar veks opp i ei lita bygd. Far hans driv gard og slår graset ute på bøen, mens mora passar huset.

Faren har lenge håpa at sonen ein dag skal vekse seg stor og sterk, og at han skal ha lyst til å overta garden. Men er det her Agnar høyrer heime? Høyrer han eigentleg heime nokon stad?

«Bøen» er ein rørande og poetisk roman med illustrasjonar av Per Dybvig. Boka har godt med luft på sidene, korte kapittel og eit oversiktleg persongalleri.

Anbefalast for litt øvde lesarar. Vaksne og unge vaksne.

 

Utdrag fra boka

Eg vil ikkje vere mjuk. Eg vil vere hard. Tole alt.
Alt som kjennest vondt. Eg vil at huda mi skal
størkne. Som bork. Eg skal bort herifrå, eg skal
aldri bu her når eg blir vaksen. Og eg blir vaksen
snart, det kan ikkje skje fort nok.

 

Antall sider: 105

Utgivelsesår: 2026

Språk: nynorsk

Forlag: Flamme

ISBN: 9788282886604