Aleksander blir mobba heilt frå fyrste skuledag
Han kjem flyttande til ei lita bygd.
På huset hans er det nokon som teiknar hakekors.
Det er Torve og gjengen. Alltid Torve og gjengen.
Aman i klassen blir også mobba. Og Arne, tjukkasen.
Men Aleksander har kniv.
Og noko inni seg som han ikkje klarar å kontrollere.
Denne boka har eit godt driv. Det er mykje som blir usagt, men lesaren blir dratt innover i historia.
Kapitla er korte. Nokre av setningane er lange, men orda er enkle.
Eg hugsar at han ein augeblink, medan eg kvelte
han, likna ein gammal mann som heldt på å døy, eller
kva skal eg seia? Han smilte så rart også. Så forsvann alt
eg såg rundt meg, og hendene mine gjorde resten. Eg veit
ikkje korleis dei klarte det. Eg kallar det eit uhell. Det
neste eg hugsar, var at auget hans låg som eit kvitt og
raudt egg på asfalten framføre meg.
Boka er en del av: 100-lista
Hovedkategori: Litt å lese
Sjanger: skjønnlitteratur
Forlag: Samlaget
ISBN: 9788234003455