Hopp til innhold

På ei trapp i universet

På ei trapp i universet

Forfatter: Marit Kaldhol

Illustratør: Susanna Kajermo

Tema: filosofi, natur, universet

Alder: Mellomtrinnet, Ungdom

Om boka

«På ei trapp i universet» er ei diktbok for barn, men kan passe for alle aldrar.

Kven skal varme oss når sola sloknar?
Kor langt ut finst universet?
Korleis var lyden viss ingen høyrde eksposjonen?
Kor kom livet frå?

To barn og ein katt sit på trappa til eit hus i skogkanten og filosoferer. Dei undrar seg saman over alt som finst og lever rundt dei. Alt dei kan sjå og alt dei ikkje kan sjå; egg, universet, verkelegheita og byrjinga på livet. Desse dikta får oss til å tenkje over store og små spørsmål i livet.

Språket i denne boka er enkelt.
Det er mykje luft på sidene og boka har fine teikningar.

 

Utdrag fra boka

i begynnelsen

ein gong var eg eit egg
ein gong var søster
eit egg på veg til å bli
noko meir enn seg sjølv

i begynnelsen var egget
egget blei menneske
kropp med hud og pust

då eg var egg, visste ingen
at eg skulle bli meg

likevel var eg
på veg

 

kor langt

kor langt ut finst universet?

lenger enn auga ser
lenger enn kikkert og teloskop
lenger enn øyret høyrer
lenger enn fly kan reise
lenger enn romskip og satelittar
lenger enn tanken når
lenger enn draumen
lenger enn langt
kor langt
er det?

Boka er en del av: 100-lista

Antall sider: 54

Utgivelsesår: 2022

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: dikt

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788234008252