Hopp til innhold

Jenta

Jenta

Om boka

Ho er ei tenåringsjente som bur i Aust-Tyskland (DDR),
saman med mor si og veslebror sin.
Far hennar bur saman med dei no og då.
Ein del andre menn er også innom
når mora finn det for godt.
Mora har alltid ein grunn til å vere sint.
Ho blir ikkje mindre sint av å vere full.
Og det er ho ganske ofte.
Jenta prøver å rømme frå tyranniet som omgir henne;
ikkje berre frå familien og skulen,
men også frå den autoritære staten.
Boka er ikkje så lang, og det skjer noka heile tida.
Det er ikkje så lett å legge boka ifrå seg
før ein har fått vite korleis det går med jenta.
Det er ein del lange setningar, og nokon framandord innimellom.
Av og til er det litt vanskeleg å vete kven forteljaren meiner,
for det er fleire hokjønn her: Jenta, mora, stemora, tanta.
Angelika Klüssdorf (fødd 1958) budde sjølv i Aust-Tyskland
frå 1961 til ho utvandra til Vest-Tyskland i 1985.
Ho debuterte som forfattar i 1990.

Utdrag fra boka

Andpusten fortel ho om gode karakterar, kor godt likt ho er på skulen, dei anstrengande fadderskapa ho har teke på seg, og så lenge ho snakkar, trur ho på det sjølv. Ho veit at ho lyg, og likevel finst det rom for sanning i løgnene. Draumar og ønske er ikkje usanne berre fordi dei er draumar og ønske, utan draumar ville ho aldri kunne bu i det vesle huset i skogen, og ho visste verkeleg ikkje nokon grunn til at livet elles skulle ha noka meining.

Antall sider: 160

Utgivelsesår: 2013

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: skjønnlitteratur

Oversetter: Øystein Vidnes

Forlag: Skald

ISBN: 9788279591894