Vi spring ikkje slik vi sprang

Om boka

Eit søskenpar vaknar i tomt hus
Dei leitar etter mor og far.
Rundt i huset og ute i skogen.
Foreldra dukkar ikkje opp.
Dei har berre kvarandre.

Boka har korte kapittel på berre ei side.
Setningane er korte.
Handlinga i boka er langsam.

Utdrag fra boka

Vi finn fram kleda deira. Ullkåpa til mor varmar godt
om kvelden, men  den var varmare då ho hadde den på
seg. Ho opna kåpa slik at vi fekk kome inn i varmen. Ho
var varm då. Vi ville helst ikkje tenkje på dei morgonane
ho berre stira ut i lufta. Når vi spurde kva ho såg på, var
det visst ikkje noko. Far la handa si på skuldra hennar og
spurde oss om vi ville fiske. Grav etter mark, sa han. Og
vi grov.

Bla i boka