Hopp til innhold

Tollak til Ingeborg

Tollak til Ingeborg

Forfatter: Tore Renberg

Tema: ensomhet, familie, følelser, sorg

Alder: Voksne

Om boka

Tollak er taus, sinna og mørk
Kona hans, Ingeborg, er lys og glad.
Kva gjer det med familien til Tollak
at han aldri får seg til å prate med dei,
lytte til det dei seier og ikkje seier.

Mørkeret sluttar seg sakte om Tallak.
Tida har rast frå han, ungane veks opp og drar.
Alt han har er Ingeborg og Oddo,
men kor lenge varar eigentleg det.

Boka har eit luftig oppsett og korte kapittel.
Det er få karakterar og boka har eit stort lesedriv.

Vinner av Ordknappen 2021. Les begrunnelsen her. 

Utdrag fra boka

Eg var allereie då plaga av tida eg levde i. Eg vakna tung om
morgonane, mismotet skrapa meg i huda.
Eg forstod det nok, at når verda er slått inn på denne leia,
så er det ikkje nokon veg tilbake. Brått er stien overgrodd.
Ingeborg syntest eg var for negativ, det var ordet ho brukte,
du er så negativ, Tollak.
Eg ser verda som ho er, sa eg.
Det var vel her Hillevi og eg begynte den lange uverstida vår.
Jo, eg trur det.
Jan Vidar? Eg veit ikkje. Eg såg så mykje av mora i Jan Vidar
at han blei ein skatt for meg. Eg veit at eg sjølv har brukt
det ordet. Skatt. Ikkje høgt, sjølvsagt. Eg overlet det til
kvinnfolka å snakke slik.

Boka er en del av: 100-lista, Ordknappen 2021

Antall sider: 165

Utgivelsesår: 2020

Språk: nynorsk

Forlag: Cappelen Damm

ISBN: 9788202645625

Lån boka på ditt bibliotek: