Hopp til innhold

Svart fugl

Svart fugl

Forfatter: Bente Bratlund

Tema: krim, spenning

Alder: Voksne

Om boka

Eli dreg til Vestlandet for å prøve å finne ut
kva som har hendt med Ruth.
Søstera høyrer til i eit lukka samfunn
der tausheten rår.
 
Ruth er sterkt religiøs
og er aktiv i kyrkja med søndagsskule og barnekor.
Ho er ikke typen til berre å gå.
Og kva er det med Guro,
dottera til Ruth?
Kva handlar tenåringsopprøret hennar
eigentleg om?
 
Eli avdekker at familien til Ruth
og bygdesamfunnet har mange løyndommar.
 
Svart fugl er ei urovekkjande historie med enkel tekst.
Bente Bratlund har utgitt til saman 49 bøker
i ulike sjangrar. 

Utdrag fra boka

Ein politibetjent kjem innom dagen etter.
Han er venn av familien.
Også han høyrer til kyrkjelyden.
Eli Holm får ei kjensle av at alle i denne bygda er
knytte til denne uløyselege brorskapen.
Politimannen, ein tettbygd, alvorleg mann,
seier at det ikkje er så mykje dei kan gjera.
Etterlysing er send ut.
Dei skal ha ny søking om ettermiddagen.
Men sidan ingen veit kor dei skal leita,
blir det ei søking i blinde.
Eli Holm lyttar og har same mistru til denne
mannen som til alle andre.
Dei som helst synest å vilja leggja alt i Guds hender,
i staden for sjølve å bretta opp ermane og gjera noko.

Støttet av: Leser søker bok

Antall sider: 71

Utgivelsesår: 2010

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: skjønnlitteratur

Forlag: Lettlest

ISBN: 9788280980243

Lån boka på ditt bibliotek: