Forfatter: Marianne Clementine Håheim
Tema: forelskelse, identitet, kropp og helse, oppvekst, spiseforstyrrelser, sykdom
Ei kraftfull bok om eit vanskeleg tema.
Svart belte er ei poetisk bok om Marianne som sluttar å ete.
Ho er forelska i verdas vakraste mann og i den nye historia om seg sjølv.
Femten år gammal er ho ein stålstreng av vilje, klar til å øydelegge.
Blikket ho har på seg sjølv er både hardt og omsynsfullt.
Kroppen har ny form, det veks dun på ryggen hennar.
Til slutt kan ho knapt reise seg, og ho må bu på institusjon.
Boka om Marianne er ikkje enkel,
men er skriven slik at ho er lett å lese.
Eg var så lita første gong eg spurde mamma om det var meininga
at låra mine skulle vere så breie når eg sat.
Ho svarte at det sjølvsagt ikkje var noko gale med låra mine,
men korleis kunne det stemme, når tynne lår såg heilt annleise ut?
Det fanst tynne lår, og det fanst lår som mine.
Hovedkategori: Litt å lese
Sjanger: skjønnlitteratur
Forlag: Oktober
ISBN: 9788249515516