Hopp til innhold

Sting

Sting

Om boka

Korleis skal ein leva vidare når det verste har skjedd?

Vi hoppar rett inn i teksten i forteljinga om Emma 16 år,
etter ei grusom hending som endra livet hennar.
Emma er i sjokk.
Det er vanskeleg å puste, ete, sove.
Mormor er der, det er terapeuten òg.
Og Hannes, naboguten som plutseleg dukkar opp.
Langsamt sirklar Emma seg inn mot ein aksept
av alt som har skjedd. Sakte blir det mogleg å sjå for seg eit liv og ei framtid.

Dette er ei veldig mørk forteljing, men ho er ikkje utan håp.
Det er korte kapittel, mykje dialog og språket er aktivt.
Hopp mellom fortid og notid er tydeleg markert med
kapitteloverskriftene No og Då.
Nokre lange setningar.

Utdrag fra boka

Eg kan høyre stemmene deira heilt klart. Om eg berre
kunne få lov til å bli der, i det som var før. Med det er
alltid nokon som skal rykke meg tilbake, eit hardt grep
rundt overarmen, nokon som røskar til, eit plutseleg
skifte, ein skarp blits, som om det er noko eg endeleg
forstår. Og ei stemme ved øyret som kviskrar spring,
Emma!

– Beate sier at desse draumane er mareritt.
– Kor ofte har du desse mareritta, Emma?
– Eit par gonger i veka, seier eg.

Antall sider: 125

Utgivelsesår: 2022

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Egenskap: korte kapitler, luftig layout, mange avsnitt

Sjanger: romaner

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788234007453