Stella står i det
Forfatter: Helene Guåker
Illustratør: Oda Valle
Tema: familie, fattigdom, felleskap, vennskap
Alder: Mellomtrinnet
Korleis redde bursdagen?
Stella er ti år. Ho og mora bur i ei blokk i Ramnekroken. Stella elskar å bu der, og berre to dører bortafor bur bestevenen Rania og faren Samir. Dei har ikkje mykje pengar, men dei har det bra.
Ho har snart bursdag, og gler seg. Men så inviterer mora alle i klassa til bursdagen hennar, utan å sjekke med ho. Det går jo ikkje.
Mora til Stella er ikkje som alle andre. Ho jobbar ikkje og gjer ho for mykje, får ho migrene og må sova i eit mørkt rom. Ho driv med søppeldykking, for alt for mykje god mat blir kasta av butikkane. Ho samlar planter i skogen og ofte et dei brenneslesuppe med tørka løvetann. Ho hentar både møblar og klede som gis bort på Finn.
Kva om mora serverer noko ho har funne i søpla i bursdagen, og kva om mora får migrene og ikkje orkar lage bursdag? Ho må ha ein plan B og Rania må hjelpe ho.
«Stella står i det» har stort lesedriv. Boka har korte kapittel, eit luftig oppsett, gode bilete og mykje dialog.
Eg skvett av høg latter og ser opp. Det er Sofie og
Ida som står og ler og ser bort på meg, samtidig som
dei ser på kvarandre og hevar augebryna.
– Kva skjer, spør eg.
– Så fine joggesko du har, seier Sofie, og dei
begynner å le enda meir.
– Takk, seier eg, – eg hugsa endeleg å ta dei med.
Sjukt gløymsk, eg hugsar aldri å ta med gymsko,
akkurat som med hårfønar, ikkje sant, Rania? Eg må
jo alltid låne din på vinteren, seier eg.
Rania nikker.
Sofie og Ida sluttar å le, som om noen klipper
latteren av med saks.
– Du lyg, seier Ida.
Eg ser på Rania. Ho ser på meg med rynka panne
og ristar svakt på hovudet, sånn som ho pleier.
– Det gjer eg ikkje, seier eg.
Det har blitt heilt stille i garderoben. Alle følgjer
med på det som skjer.
– Eh jo, seier Sofie. – Mor di var jo å hente dei
skoa der heime hos oss i går, det er skoa eg brukte i
fjor.
Eg blir så brennheit i kinna at eg mest får lyst til å
grine. Eg trudde mamma hadde vore på andre sida av
byen sånn som ho pleier, ikkje i villastrøket rett oppi
bakken her.
– Og eg veit at ho ikkje jobbar med tal, Stella, så
du kan slutte å lyge om det med ein gong. De har vel
ikkje eingong råd til hårfønar, det er derfor du alltid
låner av Rania eller har heilt kort hår.
Nå blir halsen min så tett at eg ikkje får trekt
pusten. Korleis kan ho veta det?
Eg spring på do, smeller att døra og låser ho.
– Kva jobbar mora med, da? høyrer eg Ida spørja.
– Ho jobbar ikke i det heile! seier Sofie og ler.
Ingen andre serier noko.
Ingen andre ler.
Hovedkategori: Litt å lese
Egenskap: Bilder, Korte kapitler, Luftig layout, Mye dialog
Sjanger: romaner, skjønnlitteratur
Forlag: Samlaget
ISBN: 9788234015854