Vann Brageprisen i 2013!
Boka har litt lita skrift,
men berre ein setning på kvar linje.
Språket er enkelt og vakkert.
Onkel Simon flyttar inn hjå Henrik og mora.
Simon og Henrik har alltid hatt eit nært forhold,
men no er Simon sjuk.
Det er ikkje vanskeleg å sjå kva slags veg det ber,
utan at mora seier det rett ut.
Henrik fortel Simon at han har kyssa Kjersti,
ei jente i klassen,sjølv om han ikkje har det.
Han torde ikkje da han hadde sjansen.
Snart kjem Kjersti heim frå ferie i Italia...
Har du vore i Italia noen gong?
Eg rista på hodet.
Eg visste knapt korleis det såg ut i Italia.
Eg visste dei var gode i fotball.
At spelarane hadde langt, mørkt hår og blå drakter.
At dei åt pizza og pasta.
At det finst mafiafolk der,
som skyt kvarandre på grunn av pengar.
Du må passe deg for mafiaen, sa eg.
Kjersti lo.
Eg skal sende deg eit postkort, sa ho.
Hovedkategori: Litt å lese
Sjanger: kjærlighet, skjønnlitteratur
Forlag: Cappelen Damm
ISBN: 9788202415952