Så lenge ingen ser oss

Om boka

Jon bur aleine saman med mora.
I helgene kjem det mykje folk på besøk
Dei er borte neste dag. Men ein søndag står Ole der
og steiker pannekaker til frukost.
Snart er dei ein heilt vanleg familie.
Jon får til og med ein liten bror.
Ein dag spør Ole om Jon vil bli med på tur med telt og fiskestang.
Klart han vil!
Men turen blir ikkje heilt som Jon hadde tenkt seg.

Boka har korte kapittel og godt lesedriv.
Oppsettet har mykje luft på sidene.

Utdrag fra boka

Ole fiska fram ei lita, blank flaske frå sekken.
Han tok ein støyt sjølv, før han heldt flaska fram mot meg.
– Ta deg ein god slurk. Det hjelper mot kulda.

Eg tok imot, men nølte med å smaka. Såg spørjande på Ole.
– Eg trudde ikkje du drakk?
Eg såg at det gjekk ei rykning over ansiktet hans.
Men så blunka han og svara med eit smil.
– Berre i heilt spesielle samanhengar, når me skal kosa oss litt ekstra.