Pass dine eigne saker
Forfatter: Ingelin Røssland
Tema: forelskelse, identitet, kropp og helse, lojalitet, nettvett, oppvekst, overgrep, samfunn, vennskap
Alder: Ungdom
Trusesal og nye venner
Då Ida kjem heim frå sommarferien, har besteveninna Pernille endra stil og blitt heilt annleis. Ho har byrja å drikke, heng med dei populære jentene på skulen og trekk seg unna Ida. Kvifor har Pernille endra seg slik?
Ida oppdagar snart at Pernille tener masse pengar på å selge brukte truser på ei nettside for sugardating. Ida prøver å få henne til å slutte, men Pernille meiner ho har full kontroll. Då bestemmer Ida seg: Venninna må reddast frå seg sjølv!
«Pass dine eigne saker» er ei medrivande roman om vennskap, sjølvstende og det å miste kontrollen. Det er ein forteljing om å finne seg sjølv og ta ansvar for både eigne og venners livsval.
Boka har mykje dialog, korte kapittel og eit luftig oppsett. Det er ei spanande historie der mykje står på spel, med stort lesedriv frå start til slutt.
«Pass dine eigne saker» passar godt for ungdom.
Det kjem musikk og skråling frå stranda. Eg lener
sykkelen mot eit tre før eg skundar meg ned til
festen. Jentegjengen frå klassen sit ved eit av båla.
Eg får straks auga på Thea og Naomi, klassens
dronningar. Det sit ei superblond jente mellom dei,
det er litt rart. Dei to fjolsa pleier alltid å vera klistra
saman.
– Hei, eg lurte på …, begynner eg.
Eg stoppar då eg møter blikket til jenta som sit trykt
inn midt mellom dei to hurpene.
Brillene er borte, og håret er bleikt, ho ser heilt
annleis ut, men det er ho.
– Eh, Pernille? Er det du?
Pernille vrir på seg, nikkar og ser ned.
– Shit, Ida. Visste du ikkje at venninna di har fått ny
stil? spør Thea syrleg.
Augo hennar lyser av skadefryd.
Dei andre rundt bålet fniser og vekslar blikk.
Støttet av: Stiftelsen Lese
Hovedkategori: Litt å lese
Egenskap: Få karakterer, Korte kapitler, Korte setninger, Luftig layout, Mange avsnitt, Mye dialog
Sjanger: romaner, skjønnlitteratur
Forlag: Samlaget
ISBN: 9788234014451