Hopp til innhold

Oske

Forfatter: Inger Lise Belsvik

Illustratør: Inger Lise Belsvik

Tema: døden, familie, minner, savn, sorg

Alder: Barn

Om boka

Korleis leve vidare når nokon døyr

Ein ung gut har mista far sin. Kor er faren nå?
Mora veit ikkje, men trur han er ein bra plass.
Guten samlar saman ting som minner ham om faren:
ei skrivebok, fiskestånga hans, kaffekoppen, puta han
sov med om natta og sjokoladen han elska mest.
Tinga skal han ha i trehytta dei to snikra saman.

Boka har lite tekst på kvar side.
Orda er enkle og kjente.
Illustrasjonane er tydelege og uttrykksfulle.

Denne boka kan vere fin å bruke for å snakke med barn om savn, minne og kva døden er.

Her finst håp, så boka kan også vere til trøyst for dei som har mista nokon.

 

Utdrag fra boka

Pappaen min er borte.
Hjarta hans har stoppa.
Kroppen hans er heilt stille.
Tankane hans er ikkje inni hovudet hans lenger.

Fordi pappa er død,
er det berre minna om han som lever no.
Alt vi hugsar, vi som var glade i han.
Det seier mamma.

*

Dit pappa har fare, treng han ikkje kroppen sin.
Derfor ligg kroppen hans att her.
Han skal brenne opp og bli til oske.
Det gjer ikkje vondt å brenne
når ein er død, seier mamma.

Antall sider: 32

Utgivelsesår: 2024

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Egenskap: bilder, Få karakterer, Lite tekst

Sjanger: bildebøker

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788234011474