OMG

Om boka

Maria er svolten på livet, tøff i trynet
og ikkje redd for å invitere seg sjølv på fest.
Og endeleg er det ho som er midtpunktet.
No er det henne Domenic vil ha.
Men er han eigentleg så bra for Maria?
Og er ho eigentleg heilt bra for seg sjølv no?
Kva skjer når mora ikkje klarar å handtere Maria lenger?
Kva skjer når ho blir sendt til bestemora og bedehuslivet der?
Kor tøff er Maria?
Tøff nok til å bryta rolla ho er fanga i,
og finne attende til mora si og venninna Julie?

OMG er ein ungdomsroman full av fart og spaning.
Lesaren kjem tett på hovudpersonen Maria
i intense skildringar som skapar høg lesepuls.
Språket er medrivande, enkelt og direkte,
og her er mykje dialog.
Historia er rik på hendingar og tematiske lag,
men er likevel enkel å følgje.

OMG er rett og slett ein drivande god ungdomsroman.

Utdrag fra boka

Eg røskar tak i Domenic og drar han med inn i stova.
Dei seier at kjærleiken er lett, boblande og flagrande.
Men det eg kjenner er mørkt, ulmande og med lange
negler. Spenninga gneistrar i brystet.

Er eg forelska? Klart det!
Julie er berre sjalu.
– Kom, så dansar vi.
I sideblikket ser eg Julie rista på hovudet.
– Yes, baby! Domenic ser berre på meg.

Eg kjenner ei hand på aksla mi.
– Marie, eg må visa deg noko.
Julie står med mobilen i handa.
At ho ikkje kan gi seg?
– Eg har ikkje tid til filmklipp av søte kattungar.
– Det er ikkje …
– Slepp meg!

Juile slepper taktet i meg.
igjen ristar ho på hovudet.
Ho ser lei seg ut.
Greitt at ho er kåt på Domenic,
men det får då vere måte på?
Trur ho det går å sutra seg til å få han, eller?
Det er meg han vil ha.
Det må ho godta om vi framleis skal vera venner.