Hopp til innhold

No fær huset

No fær huset

Om boka

Livet har aller flest kvardagar
Dette er ei novellesamling om kvardagslivet.
Dagar med tap, sorg, kjærleik, venskap, familie og alt i mellom.

Dei elleve korte novellene handlar om normale menneske med vanlege liv.
Men kjedelege liv er det ikkje.
Kven er ho dama du sit i lag med på toget kvar dag, ho som aldri sluttar å skravle?
Og han mannen du let gå, men som du ikkje klarar å gløyme. Han som tek plass i hjartet ditt når livet hardnar.
Kvar er han no?
Kven er mannen systera di har valt å leve livet sitt med? Er det ikkje noko som boblar under overflata der?

Novellene er skrive med eit konsist og tilgjengeleg språk, med korte setningar.
Dei har eit nærværande driv som dreg lesaren inn i historia.
Lesaren kjem tett på personane og liva deira.

Utdrag fra boka

Tor har bygd nakke, han står midt ute på golvet no. Når
han forsøker å rette seg opp, ser eg kor grått ansiktet hans
er. Alle timane, samtalane eg har hatt framfor det ansiktet.
Eg angrar ikkje på Tor. Han støttar meg tilbake frå toalet-
tet. Eg veit eg er tung. Eg får lagt meg tilbake i senga, eg sti-
rer i taket.

Boka er en del av: 100-lista

Antall sider: 121

Utgivelsesår: 2020

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: noveller, skjønnlitteratur

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788234002748

Lån boka på ditt bibliotek: