Thriller for ungdom!
Marie og kjærasten Rasmus køyrer på sju år gamle Tora, og ho klarar seg ikkje. Rasmus sit ei tid i fengsel. Kort tid etter at han kjem ut frå fengsel, døyr han. Det er uklart om det var sjølvmord eller ei ulykke.
Marie vert kontakta av ein professor ved Universitetet i Bergen, Finn Baal. Han lurar på om ho kan filme eit undervisningsopplegg han skal lage og ho skal få 30.000,- for jobben. Ho seier ja.
Vel framme er det noko som skurrar. Er Finn Baal den han seier at han er? Og kva veit han om det som eigentleg hendte den natta da Tora døyde?
Dette er ein thriller med stort lesedriv.
Boka har få karakterar og korte kapittel, og eit luftig oppsett, mange fotografi og mykje dialog.
I starten av boka kan det vere vanskeleg å vite kven som snakkar. Kva tittelen betyr vert forklara i boka.
Passer for ein noko øvd lesar
Eg burde ikkje ha skippa frukost på Halhjems-ferja. Eg
er her med ein fyr som kanskje rett og slett er den
galne professoren.
Eg skjelv litt på handa, sikkert fordi eg har lågt blod-
sukker.
– Er det noko du vil fortelja meg før eg deler fleira av
hemmelegheitene mine?
Finn Baal ser lenge på meg igjen. Trur det er eit triks
han har.
– Folk forstår ikkje at det er for seint før det er for
seint. Alt er snart for seint, seier han.
– Kva meiner du? spør eg.
– Å øydelegga natur, drepe dyr, køyra så uforsvarleg
at ein for eksempel drep eit lite barn.
Kvalmen tar over kroppen. Eg brekker meg, må snart
ha mat.
– Eg veit ikkje heilt kva du meiner, seier eg. – Men er
jo einig med deg.
– Berre film du, Maria.
Jo! Du veit godt kva han meiner, lyge-hore, seier
Black Magic. Du er så svak.
Hovedkategori: Litt å lese
Egenskap: Få karakterer, korte kapitler, Lite tekst, luftig layout, mange bilder, Mye dialog
Sjanger: Thriller
Forlag: Piggsvin forlag
ISBN: 9788293323334