Mor mi står i glaset – lyriske perler for svin

Om boka

Diktsamlinga krinsar rundt tema som den gode husmor,
den grufulle husmor, så erotikk, nestekjærleik, oppvekst,
utvekst, nestenkjærleik, bygdetragediar, overarbeid,
jobbfrustrasjonar og kveldsbøn som ikkje når fram til Gud.
I bakgrunnen lurer ein sint og alkoholisert far.
Dei humoristiske dikta er skrive i eit enkelt, nesten banalt språk.
Jon Hjørnevik (f. 1970) er forfattar og komiker frå Voss.

Utdrag fra boka

Mor mi står i glaset

Mor mi står i glaset.
det gjer mor mi støtt,
mor mi ser og lyttar,
glaset står på gløtt.
Mor mi står i glaset,
mor mi passar på,
alt som skjer i verda,
det kan mor mi sjå.
Mor mi står i glaset,
ho mor, ho følgjar med,
mor mi står i glaset
om noko skulle skje

Mor mi står i glaset,
ingen kan gå klar,
her slepp ingen unna,
heller ikkje far.
Mor mi står i glaset,
ho følgjer far min tett,
sjølv far min anar ikkjer
kor mykje mor har sett.
Ein gong far var borte
på eit helgeseminar,
var ei framand kvinne
på rommet til han far.
I nattas mulm og mørke
vart det synd og hor,
i halmen turna far min,
i glaset stod ho mor.