Hopp til innhold

Mamma på dass

Mamma på dass

Om boka

Nettvett og overtramp

Som ferske tenåringar, får venene Ella og Omar endeleg lov til å opne profilar på sosiale medium. Men så fort dei gjer det, oppdagar dei at Ella si mor har lagt ut bilete av dei på internett i lang tid allereie. Verkeleg pinlege bilete! Eit av dei viser Ella då ho var sjuk og prikkete, på eit anna ser det ut som ho står og piller seg i nesa!

Sidan mora har over sytti tusen følgjarar, er det mange som har sett bileta allereie, inkludert fleire av barna på skulen og foreldra deira. No vil Ella ha hemn!

Med god hjelp frå Omar begynner dei å legge ut pinlege bilete av mora på nettprofilen Mamma på dass. Dei snikfotograferar ho blant annet mens ho sitt på do, mens ho bøyer seg i berre trusa, og så skriv dei moroamme tekstar til. Men kvar går grensa for bilete ein legg ut på nett, og kva for konsekvensar får det om mora ein dag får vite kva dei har gjort?

«Mamma på dass» er ein ellevill og brennaktuell bok som tar opp nettvett og personvern på ein gøyal måte. Den er skriven i eit jublande rikt språk og har godt lesedriv. Enkelte lesarar kan finne dei tre første kapitla noko utfordrande, då det er ein del forhistorie som skal på plass. Men idet fjerde kapittel tar til, susar fortellinga verkeleg av gårde, og er både engasjerande og morosam.

Boka anbefalast for barn på mellomtrinnet med litt leseerfaring.

 

Utdrag fra boka

«Kva er det som skjer?» sa Omar då han kom inn døra og slengde seg ned i sofaen attmed meg. Han gjekk framleis i pysjbukse og ein sånn skikkeleg stygg julegenser som mora hadde laga på juleverkstad med venninnene året før. Det var heilt tydeleg at han faktisk hadde skunda seg alt han kunne, sjølv om ventetida kjendest heilt uendeleg lang.

«Det er krise», sa eg og sette auga i han.

«Ja, du sa det», sa Omar. «Men kva er det eigentleg som er krisa denne gongen?»

Eg overhøyrde den frekke antydinga og heldt telefonen opp mot han. Biletet frå nyttårsaftan stod framleis oppe. Omar i dress, med eit pynteleg smil i ansiktet. Meg i fullt verneutstyr med fingeren i nasen og stjerneskot framfor ansiktet.

«Dette!» sa eg.

Omar lo.

«Der var du fin», sa han.

Eg slo han i skuldra.

«Eg meiner det», sa eg. «Dette er alvorleg. Er du klar over kva mamma har gjort?»

Omar trekte på skuldrene.

«Det er jo berre eit morosamt bilete», sa Omar. Eg tippar foreldra dine kjem til å bruka det når dei skal halda konfirmasjonstale. Men elles er det vel ingen som får sjå det?»

Eg rista på hovudet.

«Er du heilt blind, eller?»

Omar forstod framleis ikkje kva eg snakka om.

«Det ligg jo ute på internett», sa eg og peikte på den vesle, blå logoen i hjørnet av skjermen. «Mamma har lagt det ut på frikkings Facebook!»

Antall sider: 192

Utgivelsesår: 2025

Språk: nynorsk

Forlag: Vigmostad & Bjørke

ISBN: 9788241965609