Hopp til innhold

Kvil i fred

Kvil i fred

Om boka

Heftige dagar i ein 15-årings liv
Per er rasande på far som berre ligg på sofaen
og drikk øl, på mor som er borte for alltid,
og på dei andre på skulen som mobbar han.

Men det er fredag og Per og Oskar planlegg
å stela øl i butikken slik dei gjer kvar helg.
Men denne helga blir ikkje som dei hadde trudd.
Den blir i staden starten på ei krise for Per,
ei krise som truar med å øydeleggja han.

Boka har stort lesedriv, eit lite univers med
få karakterar, og mykje dialog. Ein del lange
setninger.

 

 

 

Utdrag fra boka

«UÆHHH!»
Eg trur det er slik eg skrik. Eg får ikkje med meg alt
lenger. Me køyrer i hundre opp vegen til nabobygda, eg
får med meg at Oskar kjøyrer forbi éin bil, to bilar, gate-
lyktene er som gul sirup me køyrer gjennom. «Kva seier
du no!» ropar Oskar om og om igjen. «Kva seier du no!»
Kunne me ha krasja?
Det tenkjer eg aldri på.
Men då me kjem til nabobygda, skrur han av lyset,
køyrer over ein sykkelsti og parkerer ved ungdommsskulen.
«Eg håpar ingen såg oss …» kviskrar han og kverkar motoren

Boka er en del av: 100-lista

Antall sider: 128

Utgivelsesår: 2023

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Egenskap: korte kapitler, luftig layout, Mye dialog

Sjanger: romaner

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788234008405