Då skulen slutta før ferien,
hadde ho straks begynt å gle seg til hausten
og til å møte Erik på nytt.
Men slik ho ser ut no ...
Katrine strekte seg i sanden og drog bikini-buksa litt opp i sidene med fingertuppane. Lét auga att. Gul sol, varm, ru sand. Florlett vind, bølgje-skvulpa sine salte, små kyss...
- Au! Frekk svin!
Katrine slo etter det hårete svinet. Kleggen hadde verkeleg gassa seg magen hennar. Ho klødde det raude stikket og såg kritisk nedover seg.
Æsj! Det gjekk jo ikkje eingong an å sitje lenger, med den bilringen.
Hovedkategori: Litt å lese
Sjanger: skjønnlitteratur
Forlag: Samlaget
ISBN: 9788252144574