Hopp til innhold

Kode 6. Ingen må vite kven du er

Kode 6. Ingen må vite kven du er

Om boka

Ingen må få vite kven du er, ikkje ein gong din beste ven.
Kasper bur i vesle, stille Vågen.
Der skjer det ikkje mykje.
Ein dag dukkar Stian opp på skulen.
Han har flytta inn i «Blåhuset» med mor
si, Hanna.

Alle er nysgjerrige på innflyttarane.
Men Stian vil ikkje fortelje om seg sjølv.
Han blir mørk i blikket og teier.
Litt etter litt blir Kasper og Stian vener
og Kasper får vite om fortida til Stian og
Hanna.

Boka har korte kapittel og få, tydelege karakterar.
Mykje dialog og stort lesedriv.

Utdrag fra boka

«Skal du på tur?»
Eg peiker på sekken.
Stian får det mørke i auga igjen. Han dreg igjen
glidelåsen, men eg rekk å sjå ein hermetikkboks nedi
der, det ser verkeleg ut som han har pakka for tur.
«Viss bilen kjem tilbake», seier han. «viss nokon
snokar rundt og lagar fotspor. Viss nokon prøver å
bryte opp døra. Då tek vi sekken, hoppar ut vindauget
og spring.»

Stian snakkar med låg, vanleg stemme. Som om farlege
bilar og folk som bryt opp døra, er noko alle har lagt
planar for. Omtrent som reservestraum til mobilen
og vottar i tilfelle det blir kaldt.

«Eller viss dei tek mamma mens eg er her inne»,
fortset han. «Då hoppar eg ut og spring til Vågen.
Akkurat slik vi har trent på. Eg trur snart eg kan
springe Gamlevegen i mørket.»

Eg ante ikkje at det var de vi har trent på, alle dei
gongene vi har jogga fram og tilbake på Gamlevegen:
å rømme frå mafiaen.

Antall sider: 174

Utgivelsesår: 2024

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Egenskap: Få karakterer, korte kapitler, Mye dialog

Sjanger: romaner, spenning

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788234012051