Hopp til innhold

Kobbs hus

Kobbs hus

Forfatter: Thoralf Fagertun

Illustratør: Ketil Selnes

Alder: Barn, Mellomtrinnet

Om boka

Spennande skattejakt!

Huset til Kobb ligg på ei øy. Nokon meiner Billy Kobb var ein eventyrar, andre at han var ein tjuv. Han fann mange skattar, som truleg er i huset på øya. Folk seiar noko vaktar øya, kanskje eit monster? Dei som har prøvd å ta seg i land, blir aldri sett igjen.

Ei natt Ask ikkje får sove, ser han ut av vindauget og mot huset til Kobb. Ei jente er på veg mot øya, i båt. Ho kan tydelegvis ikkje ro, og er i trøbbel. Ask spring mot fjæra og ror båten sin mot jenta og reddar henne. Jenta er Daniela. Billy Kobb er bestefar hennar. Var ho verkeleg på veg ut dit? Ask må finne ut kvifor.

Seinare ser Ask ein rev med øyredobbar. Ser han syner? Han følgjer etter reven og finn Daniela. Ho snakkar med ein svær, skummel mann, som tvingar ho til øya for å leite opp ein skatt. Saman med tvillingane Eik og Iris bestemmer Ask seg for å hjelpe Daniela.

Og da må dei ut til øya og på skattejakt.

 

Dette er ei spennande historie med stort lesedriv.

Boka har få karakterar og korte kapittel, eit luftig oppsett,
bilete og mykje dialog.

Boka har nokre lange setningar og forfattaren har laga ein del
eigne ord, som kan vere litt vanskelege å lese. Til dømes: undersengasvart og straffesparknervøst.

 

Utdrag fra boka

Eik sluttar å ro. Kobbs hus står framfor oss. Det er
mykje større enn det ser ut frå land. Ein svart koloss,
der alle vindauga er skjulte bak mørke plater.
Eg grøssar.

Vi glir inn mot den grå fjæra. Båtbotnen
knasar mot småstein og stoppar sakte eit stykke
inn på land.

For første gong set eg føtene på den mystiske
øya eg har sett på nesten kvar einaste dag heile
livet. Det luktar annleis her. Stramt på eit vis.
Men det er merkeleg stille, alt eg kan høyre, er
Iris og Eik som listar seg over steinane.

– For eit hus, kviskrar Iris. – Ein får jo vondt
i nakkenom ein skal sjå toppen-
– Kva seier planen din no? Korleis skal vi
finne Daniela? spør Eik.
– Vi har nådd slutten av planen min,
innrømmer eg. – Vi må vel berre leite.
– Eg føler ikkje for å rope etter ho, seier Iris.

Tåka er framleis tjukk. Det er ikkje nokon
tvil om kor Kobbs hus er, men resten av øya har
gøymt seg. Og kven veit kva som streifar rundt
her ute. Ingen av oss har lyst til å forlate båten,
men vi må. Vi må hjelpe Daniela.

Sakte listar vi oss oppover fjæra. Huset litt
kanskje hundre meter unna. Iris går først, så
kjem Eik og til slutt eg-
– Hysj, seier Iris og stoppar opp.

Vi lytter. Ingenting. Eller? Nei, alt er stille.
Iris gjer teikn til å fortsette.

Så kjenner eg ei hand på skuldra.

Antall sider: 149

Utgivelsesår: 2024

Språk: nynorsk

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788234012969