Forfatter: Ruth Lillegraven
Illustratør: Jens Kristensen
Tema: detektiver, klima, miljøvern, spenning
Alder: Barn, Mellomtrinnet
Klodeklubben reddar julemarknaden!
Vanja, Sivert og Mo har ein klubb dei kallar Klodeklubben.
Dei er opptekne av klima og miljø og har klubbhus på låven.
På julemarknaden i bygda er det bålpanner, julemusikk og mykje folk.
Men nokon har kappa det store, fine juletreet opp i småbitar
og julenissen er skikkeleg rar.
For å løyse mysteriet må venene ta den lange turen opp på
fjellet til Johannes Lia og reinsdyra hans.
Der hamnar dei i trøbbel!
Boka er skrive med stor font, har mykje dialog og liten tekst.
Nokre setningar er vanskelege og ein del sider
har tekst på farga bakgrunn.
Du finner flere bøker i serien på Biblioteket
Men ingenting blir slik det pleier, tenkjer
Vanja. No er alt øydelagt. Det stakkars treet,
det største og flottaste nokon gong, ligg der i
bitar. Kven var det som gjorde slikt? Dei andre
syng og syng, men ikkje Vanja. Det verkar ikkje
som nissen og reinsdyra kjem i år. Alt er gale
med denne julemarknaden.
Del av serien: Klodeklubben
Hovedkategori: Litt å lese
Egenskap: korte kapitler, Lite tekst, mange bilder, Mye dialog
Sjanger: gjennomillustrert, spenning
Forlag: Samlaget
ISBN: 9788234005275