Forfatter: Arnfinn Kolerud
Tema: forelskelse, lommepenger, sjalusi, sommerjobb, vennskap
Alder: Barn, Mellomtrinnet
Overraskande krav og hendingar i livet til ein 12-åring
Ivar er tolv år og lever eit heilt vanleg liv.
Men ein dag skjer det noko rart: Lommepengane snur!
Frå no av er det Ivar som må betale lommepengar til
mor og far. No er det hans tur til å bidra, seier dei.
Ivar må få seg sommarjobb, og tilbyr seg å flytte ting for folk.
Venninna Maja har ikkje lenger tid til å leike med Ivar.
Ho har fått seg sommarjobb på kafé.
På kafeen dukkar det opp ein gut som heiter Mons.
Han brukar ord som Ivar ikkje kan, og ber rundt på ei padleåre.
Boka har korte kapittel og luftig oppsett.
Karakterane er få og tydelege.
Handlinga er lett å følgje.
Mons ventar utanfor butikken.
Han vinkar til Maja med padleåra.
Åra ser ut som ei diger hand. Det må
vere fint å bli vinka til av ei så stor hand.
Ho vinkar tilbake.
Da Maja kjem fram, får Mons kjenne
på håret hennar. Ho snur litt på seg,
slik at han kan kjenne på begge
sider.
Ivar har aldri kjent på håret til Maja.
Han har aldri tenkt at hår er noko å kjenne på.
Støttet av: Leser søker bok
Boka er en del av: 100-lista, Bokpakke vår 2024
Hovedkategori: Litt å lese
Egenskap: korte kapitler, Korte setninger, luftig layout, mange avsnitt, Mye dialog
Sjanger: romaner, skjønnlitteratur
Forlag: Samlaget
ISBN: 9788234011641