Hopp til innhold

Ingen må vite

Ingen må vite

Om boka

Året er 1734 og Ingeborg er 14.
Ein dag dett ho på isen, og der står Mikkel.
Han hjelper henne opp.
Ingeborg drøymer om Mikkel om nettene.
Tenker på han om dagane.
Men det finst eit hinder mellom dei, ein farleg løyndom på garden oppunder fjellet.

 

Ingen må vite er spennande og poetisk.
Setningane er korte, og det er mykje luft på sidene.
Boka har nokre lange og samansette ord.
Nokre få stader er det sitert frå tekstar med gamaldags skrivemåte.
Ein treng ikkje lese desse for å kunne følgje handlinga.

 

 

 

 

Utdrag fra boka

Sola snur.

Snart kjem eit nytt år over fjellet.

Ingeborg står på tunet. Ser dei bleike vinterstrålane treffe tretoppane på andre sida av fjorden. Ser fjellet og bygdene der borte. Gardane. Røykstripene frå taka.

Eit nytt år, tenker ho. Er det så nytt då? Verda er jo nett den same som ho var i går, i det gamle året. Eller er ho?

 

Antall sider: 159

Utgivelsesår: 2008

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: skjønnlitteratur

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788252172355

Lån boka på ditt bibliotek: