Hopp til innhold

Ho som ror

Ho som ror

Forfatter: Marit Kaldhol

Illustratør: Justyna Nyka

Tema: drømmer, fremtid

Alder: Ungdom

Om boka

Ein jentunge kjem seg lett ut i båt
når naustdørene står opne.
Ho som ror ser seg ikring, og ho ror sakte,
men med faste tak for å få med seg alt i sitt tempo,
utan forkaving.
Ho som ror er både eit knippe dikt og ei forteljing.
Ho er skrive med enkel tekst, med korte setningar.
Marit Kaldhol (f. 1955) har skrive
ei rekkje bøker for barn, ungdom og vaksne.
Ho som ror blir omtalt som eit høgdepunkt
i ungdomslitteraturen til Kaldhol.

Utdrag fra boka

GUTANE
ho som ror ser på gutane

ein gut vil ta årene, ro for henne
ein annan vil bare sitte på
ein gut vil finne ei brygge for henne
ein annan vil vente på kaia
ein gut vil bere båten hennar i land
ein annen vil bare opne naustet
ein gut vil symje omkring i vatnet
ein annan vil stupe frå ripa
ein gut vil ro i kapp
ein annan vil ro i same fart
ein gut vil vere vatnet ho ror på
ein annan vil vere båten

ho som ror ror
no tar ho seg ut nytt méd

Antall sider: 80

Utgivelsesår: 2007

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: dikt, skjønnlitteratur

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788252170115

Lån boka på ditt bibliotek: