Fuck off I love you

Om boka

Kor mykje kan vi styre liva våre?
Kor mykje berre skjer, same kva val du tar?
Vemund er ein vanleg 16-åring.
Han har venner. Han er forelska.
Likevel viklar han seg inn i eit usunt miljø.
Kvifor?
Leiaren i gruppa heiter Two-Face.
Han er litt eldre enn dei andre.
Han kastar mynt over alle store val.
På den eine sida av mynten står det «I love you».
På den andre sida står det «Fuck off».
Då er det best å skygge banen.
Fuck off I love you er ei sterk
og spennande forteljing om eigne og andre sine val.
Teksten i boka er enkel, med korte setningar
og flest enkle ord.
Nokre stader er det lange ord
med mange konsonantar.
Teksten er enklare i starten av boka
enn han er mot slutten,
men då er det også blitt svært spennande!

 

 

Utdrag fra boka

Like etter sto Two-Face inne på kjellarhybelen.
Det gjekk eit stille sukk gjennom rommet.
Eg veit ikkje korleis eg skal forklare dette. Men Two-
Face hadde oss. Frå første sekund. Det stålaktige blikket
kapsla oss inn.
Vi kjente alle til rykta om Two-Face. Han hadde vore
med og starta treningssenteret for mange herrens år
sidan. Da var han ein av få som dreiv med kampsport i
dalen. Han nådde finalen i NM i kickboksing i sin klasse,
men han ble diskvalifisert og tapte fordi han skalla ned
motstandaren, som måtte til sjukehus og ligge til over-
vaking i mange døgn. Deretter var det ei historie som
involverte doping, Two-Face blei utestengt frå konkur-
ransar i fleire år, og så hadde han skambanka ein fyr på
Pub1, totalt utan grunn.
Dei siste åra hadde han sete inne for det overfallet.