Hopp til innhold

Erling Braut Haaland: Frå liten til størst

Erling Braut Haaland: Frå liten til størst

Om boka

Korleis blei Haaland ein av dei beste fotballspelarane i verda?

I denne boka kan du lese historia om Erling Braut Haaland og fotballaget han spelte på, som blei kalla «G99», sett gjennom auga til ein av medspelarane hans.

Ørjan var der da Erling scora det første målet sitt på den første treninga si, og dei spela på same lag i mange år.

Ørjan fortel om klubben deira, korleis Erling trente for å bli best og korleis det var å spela på lag med han.

 

Boka er gjennomillustrert av Kristoffer Kjølberg. Ho har korte kapittel, lite tekst, stor font og eit luftig oppsett.

 

Utdrag fra boka

Me var nesten førti gutar og jenter som møtte opp den første dagen. Trenaren satte oss kjapt i gang. Me sprang etter ballen.

Det første målet mitt kom nærmare og nærmare.

Då skulle eg strekke armane i vêret og ropa «måååål!»

Eg kunne nesten høyra TV-kommentatoren inne i me:

«For eit mål! Denne guten blir noko stort!»

Men før eg rakk å skåra, såg eg ein ny gut på sidelinja. Han hadde kvitt hår og sideskil. Auga var runde og snille. Han var mindre enn me og heldt far sin i handa.

Faren snakka med trenaren. Og så fekk den nye guten vera med og spela.

«Kom igjen, Erling!», ropte faren.

Guten sprang rett forbi meg. Ballen dabba på den andre sida av banen, og han var allereie på veg.

Han fekk tak i ballen og sprang rett ut av klynga med han. Han førte ballen mot målet og skaut. Pang! Rett i nettet!

Han hadde skåra første gongen han hadde ballen på den første treninga si.

Antall sider: 94

Utgivelsesår: 2024

Språk: nynorsk

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788234012327