Avansert søk
Diktsamling for folk som ikkje har det så aller verst.
Her er dikt som høver til både kvardag og fest.
Eit humoristisk skråblikk på blant anna bygdelivet, om farsrolla og om kvardagslivet.
Dikta er korte, skrive i eit enkelt språk.
Utan vanskelege bilete og metaforar.
MANNEN SOM HAR ALT
Ei lita badeand,
eller eit glas med noko kaldt,
ein tur i skogen,
eller ei pylse som er salt.
Det kan du gi mannen,
som har alt.
Hovedkategori: Litt å lese
Sjanger: dikt
Forlag: Kagge
ISBN: 9788248913313