Hopp til innhold

Du er ikkje normal

Du er ikkje normal

Forfatter: Gaute M. Sortland

Tema: livet, samfunn

Alder: Voksne

Om boka

Det handlar om å vinna livet tilbake eller å mista det.
I desse novellene møter vi mest menn i
livssituasjonar der dei meir eller mindre
bevisst gjer val som har stor tyding
for liva deira. Det er mislykka og nokon gonger
vellykka forsøk på meistring.

Det er mykje tristesse, men også mykje humor.

Boka inneheld nitten korte novellar.
Fortellingane har få karakterar, korte setningar
og eit enkelt språk.
Eit par avsnitt i kursiv og nokre vanskelege ord.

Utdrag fra boka

Han sakka farten og såg etter ein plass han kunne sette bilen slik
at han kunne komme seg raskt vekk etterpå. Kanskje i busslomma der?
Ja. Han blinka inn til sida og sløkte motoren. Plopp. Stille.
Nye tankar, eller erkjenningar, var det det heitte? At han ikkje eingong
hadde tenkt på det. Ein metallisk lyd fekk han til å sjå opp bakken
der påkøyringa og den nye bommen låg. Kva var det? Men i helvete!
Der oppe sto ein bil med lysa på, og to karar i finlandshette stod og
delja laus på stolpen og elektronikken med kvar si slegge. Men i helvete!
Lysa blinka, og stolpen svaia frå side til side i ein rasande fart.
Det var ikkje akkurat finarbeid og kutting av leidningar dei dreiv med
der oppe. He-he! Men i helsike, då! He-he.
Og så, sirener? Han tende motoren, tok ein roleg U-sving og køyrde heim.

Det var fleire år sidan  han hadde vore vaken så seint på natta. Det var
fleire år sidan han hadde kjent seg så oppstemt. Han møtte ingen andre
bilar på vegen heim. Han kunne ikkje hugse sist han lo så godt og lenge.
Og så aleine endåtil. Heime fann han ein krone-is i fryseboksen.
Den åt han. Midt på natta.

Boka er en del av: 100-lista

Antall sider: 137

Utgivelsesår: 2019

Språk: nynorsk

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788252198607

Lån boka på ditt bibliotek: