Jenta vil ha med seg faren ut på sjøen
Faren er ikkje så glad i å vere ute i båten lenger.
Men no skal dei fiske.
Og opp av havet kjem broren.
Dette er ei bok om sorg og om å få tilbake håpet.
Det er óg ei bok om draumar og fantasi.
Boka har lite tekst.
Men mykje av handlinga skjer mellom linene.
Kva er sant og kva er fantasi?
Kanskje er ikkje det så viktig. Så lenge ein blir med på reisa til faren og dottera.
Setningane er korte.
Orda er enkle og kjente.
Illustrasjonane er detaljrike og uttrykksfulle.
Far vassar i land og dreg båten inn, eg fortar meg etter.
Far løftar bror min opp og hiv han over skuldra.
Han knekk litt, for bror min er visst tung.
Og no renn sjøen ut av bror min.
For første gong på lenge både spring og ropar far.
Fort deg, opp døra!
Eg spring alt eg kan.
Boka er en del av: 100-lista
Hovedkategori: Litt å lese
Sjanger: skjønnlitteratur
Forlag: Samlaget
ISBN: 9788234002489