Hopp til innhold

Blindsone

Blindsone

Forfatter: Anders Totland

Alder: Ungdom

Om boka

Sanne er med i eit rånemiljø
Ho elskar fart og bilar.
Kjærasten er den to år eldre Henrik.
Alt er bra når dei to er saman i bilen hans.
Men så kjem russetida, og Henrik vil vere med på feiringa.
Sanne har høyrt mykje om kva som skjer på festane til russen.
Og ho er då ikkje typen som vil sitje heime og vente?

Boka er spennande med godt lesedriv.
Oppsettet er luftig og lesarvennleg.

Utdrag fra boka

– Kva skal me finna på i kveld?

Eg legg handa på kneet til Henrik.
Han har på seg den stramme, svarte buksa
og den blå dongeriskjorta som eg likar så godt.
Eg lener hovudet litt nærmare og kjenner
korleis parfymen kitlar i nasen.
Herregud! Eg kan berre ikkje få nok av han.

– Det er den russekroa på MC-huset, då, seier han.

Henrik ser rett fram. Eg trekker til meg handa
og søkk saman i setet. Klarer ikkje å skjula skuffelsen.
Kroppen blir heilt vissen.
– Eg trudde ikkje du hadde tenkt å vera
med på dei russegreiene, seier eg.

 

Støttet av: Leser søker bok

Antall sider: 144

Utgivelsesår: 2021

Språk: Nynorsk

Forlag: Gyldendal

ISBN: 9788205526440