Blakk
Forfatter: Jens Kihl
Tema: arbeidsliv, familie, fattigdom, foreldre, identitet, livet, oppvekst, rettigheter, samfunn, utenforskap, økonomi
Alder: Unge voksne, Voksne
Ikkje fattig, ikkje rik
Korleis er det å vekse opp med ein familieøkonomi som ligg like over fattigdomsgrensa? Ein er teknisk sett ikkje fattig, men har likevel aldri noko til overs, uansett kor mange nattevakter og ekstraskift foreldra tek på seg.
Jens Kihl vaks opp i ein slik familie. Han hadde alltid mat på bordet, men budde samtidig mykje trongare enn dei andre barna, og kunne ikkje dra på ferier eller få same kleda og utstyr som dei.
I Noreg finst mange familiar som liknar den Jens Kihl veks opp i. Men sjølv om forfattarens oppvekst i ein familie med dårleg råd ikkje er unik, synleggjer han med open undring korleis dei økonomiske forskjellane i Noreg har auka jamt og trutt så lenge han har vore i live.
Boka har korte kapittel og greitt med luft på sidene.
«Blakk» anbefalast for voksne lesarar, men kan og lesast av unge voksne.
Telefon
Slik mamma hugsar det, fekk ho ein dag ein telefon frå trygdekontoret. Dette var på den tida då offentlege etatar faktisk hadde namn som forklarte kva dei dreiv med, og trygdekontoret var eit kontor som trygda folk. Mamma var nyutdanna sjukepleiar og hadde ein unge, altså meg. Det var tronge tider, men elles var det ikkje noko spesielt som feila eller mangla oss. Ho var midt i tjueåra, rundt oss var det åttital for alle pengane.
Bodskapen frå trygdekontoret på Tøyen var at mamma og eg no levde 670 kroner i månaden over eksistensminimum. Om ho ikkje heller ville trygde seg? Då ville ho få rett på ei rekkje ordningar som kunne gjere livet lettare å leve.
Det ville ikkje mamma.
Blakk
Eg veit ikkje om dei brukte ordet «eksistensminimum». Kanskje snakka dei om levekårssatsar eller medianløn eller noko anna. Poenget er berre at vi ofte var blakke. Ikkje fordi mamma var ufør eller arbeidsledig eller flyktning eller noko anna. Nei, ho var i full jobb og vel så det. Problemet var berre at utgiftene var høge og inntektene låge.
Denne boka handlar om akkurat det: at det finst ein heil masse folk som i og for seg lever over fattigdomsgrensa, men som likevel har for dårleg råd. Og kva gjer det med eit menneske å høyre politikarar på tv seie at «det skal løne seg å stå opp om morran», samstundes som det er akkurat det du gjer, utan at det løner seg på nokon som helst måte?
Del av serien: Norsk røyndom
Hovedkategori: Litt å lese
Egenskap: Få karakterer, Korte kapitler, Luftig layout
Sjanger: dokumentar, essay, fakta, Sjølbiografisk historie
Forlag: Samlaget
ISBN: 9788234014963