Hopp til innhold

Bergtatt

Bergtatt omslag

Bergtatt

Om boka

Leo vil helst bu i byen der han har vakse opp
Men så drar mora han med til barndomsheimen sin,
langt frå vener og kjente bygater og til ei bygd djupt inni skogen.
Her er det ikkje noko å hente for han, tenkjer Leo.
Men det endrar seg snart.

I klassen går det nemleg ei mørkkledd og mystisk jente, Lilly.
Ho søkjer stadig blikket til Leo og han blir heilt oppslukt av henne.
Lilly held seg for seg sjølv, sit bak i klassen og snakkar sjeldan med nokon.
Likevel trekkast Leo mot henne, som ho har ei underleg makt over han.
Vil ho ha han slik han vil ha henne, eller bruker ho berre Leo?
Kven er ho? Kva vil ho med han?

Dette er ei uhyggeleg forteljing med ein original vri på gamal folketru.
Men Bergtatt er ikkje berre ei mystisk, mørk historie
om krefter som ikkje høyrer denne verda til.
Det er òg ei historie om seksuell oppvakning, indre fantasiar
og ukjent mot ein kan finne i seg sjølv, når ein må.

Språket er herleg rett fram og lettfatteleg,
historia drivast fram av spanande scener og gode dialogar.
Forfattar Selma Lønning Aarø skildrar eksplisitt ung lengt på sitrande vis:
Her får lesaren bli med på ei større reise enn til underverda,
kanskje den største reisa av alle: Å finne seg sjølv som ung.

Utdrag fra boka

– Har du vore saman med ei jente før, spurte Lilly.
– Saman?
Leo høyrde sjølv kor teit han høyrdest ut.
– Du veit godt kva eg meiner! sa Lilly.
Det visste han godt. Han berre rista på hovudet.

Forsiktig let han handa gli nedover ryggen hennar.
Det prikka under fingertuppane.
Han hadde lengta etter å gjere akkurat dette
heilt sidan første gongen han såg henne.

Støttet av: Leser søker bok

Boka er en del av: 100-lista, Bokpakke vår 2021

Del av serien: Grøss og gru

Antall sider: 94

Utgivelsesår: 2020

Språk: nynorsk

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788234002021

Lån boka på ditt bibliotek: