Bebe 3 – Den einaste som veit

Om boka

Bebe er den einaste som veit om det fryktelege.
Samstundes som venninna lid,
hender gode ting i livet til Bebe.
Korleis skal ein balansere sorg og glede?
Den tredje boka om Bebe er spennande, lita og luftig.
Bente Bratlund (født i 1952) er forfattar
og har gitt ut ei rekke bøker for barn, ungdom og vaksne.

Utdrag fra boka

Du må snakke med mor di, seier eg.
Stemma mi skjelv.
– Du er berre nøydd til å snakka med henne no.
Sara snur seg mot meg.
– Eg kan ikkje.
– Du må!
Eg held blikket hennar.
– Eg meiner det, Sara.
Eg er streng i stemma. Det er alvor. Verkeleg alvor.
– Og du må berre ta den testen.
Sara skjelv om munnen.
– Gi meg nokre dagar til, Bebe. Ver så snill.
Ho legg hovudet mot knea. Gøymer andletet sitt.