Ei diktsamling om aldring og nytt liv
Ei bestemor snakkar til barnebarnet sitt
som lyer og undrar seg. Den gamle fortel om
livet sitt. Ho kjenner seg ung og gamal på same tid.
Ho legg handa på brystet og fortel om alt som bor i ho.
Den vesle jenta får ein liten bror.
Ho veks, meistrar utfordringar, ser at broren også veks
og at bestemora eldast.
Dikta kretsar om livets fasar, om minner og nye
erfaringar, om tankar ein gjer seg som gamal
og som ung.
Boka har fargerike illustrasjonar, lite tekst
og korte linjer.
Ho egnar seg godt for eldre lesarar og
kan brukast til samtale og høgtlesing.
Tikkinga
eg tikkar og tikkar
er på nedteljing
seier mormor
du tikkar òg
men oppover
heldige du som
tikkar mot alt som
skal og kan skje
noko lyst og noko mørkt
livet sjølv
ja, seier eg
kanskje det inni alle barn
finst gamle som tikkar
og kanskje det
inni alle gamle er
tikkande barn
mormor nikkar
er me stille no
høyrer me lyden
av deg og meg
og alle
Boka er en del av: 100-lista
Forlag: Samlaget
ISBN: 9788234010538