Alt du kan ønske deg

Om boka

Kor godt kjenner du vennen din eigentleg? Eller kjærasten din?
Det er ikkje alltid enkelt å vite korleis folk eigentleg har det.
Sjølv om ein kjenner kvarandre godt.
Nokre ting heldt ein for seg sjølv.

Siri er saman med Jens. Men ho vil eigentleg gjere det slutt.
Men korleis slår ein opp med
nokom som har det vanskeleg? Ein som treng deg,
meir enn du treng han?

Boka har korte kapitlar, korte setningar og enkelt språk.
Fortellerstemma vekslar mellom Jens og Siri.
Dette kjem tydeleg fram før kvart kapittel.

Utdrag fra boka

Kor mykje kan du vite om eit menneske ved å sjå
på det?
Ganske mykje. Du ser om det er han eller ho, du
ser eit ansikt, ein kropp. Du ser klede og hår, du ser
alt som er utanpå, alt vi pakkar oss inn i og gøymer
oss bak. Du kan sjå kven vi prøver å vere. Men det
som er inni? Kva kan du vite?
Ingenting.
Faktisk ingenting.