Ei forteljing om sorg og venskap
Klara har mista bestemora si. Mora gret heile tida. Klara kan ikkje gråte, for da blir sikkert mora enda tristare.
Ho og mora er på garden der bestemora budde for å rydde i sakene hennar. Ingenting er som før, utan bestemora.
Ein dag møter Klara Pelle. Dei blir vener. Men Klara lyg om at bestemora er død. Når ho fortel løgnane om bestemora, er det som om ho lever igjen. Da er ikkje alt så vondt og trist. Og det er så lett å lyge. Så da ho vert invitert på middag til Pelle og foreldra hans, seier ho at ho skal ta med mora og bestemora.
Men korleis kan mora dra nokon stad utan å gråte? Ho må få mora glad igjen før middagen. Pelle og Klara legg ein plan. Men korleis skal ho fortelje at bestemora ikkje lever og at ho har lyge for venen sin?
Dette er ei historie med stort lesedriv.
Boka har få karakterar og korte kapittel, eit luftig oppsett,
bilete og mykje dialog.
Nokre lange setningar.
– Kva heiter du, seier han.
– Klara, seier eg.
– Kvifor er du kledd ut som ein katt?
Ein startar ikkje eit nytt venskap med å
fortelje ei løgn. Men det er akkurat som om
orda kjem frå nedst i magan, heilt av seg sjølv,
og berre boblar opp før eg får tenkt meg om.
– Fordi mormor og eg leikar karneval, lyg eg.
– Kvar er mormora di, då? seier guten og ser
seg omkring.
– Ho lagar til karnevalsfest i huset sitt oppe i
vegen. Vi skal ha bollar og saft og masse leikar.
Vi har alltid karnevalsfest på jonsok.
Det er nesten for lett å lyge. Vi har aldri hatt
karnevalsfest på jonsok før. Og mormor lever
jo slett ikkje. Men no er det nesten som om
mormor står på kjøkenet og rullar kveitebollar
og henger opp ballonger likevel.
– Kult! Kan eg få bli med? seier guten utan
namn.
– Ja, sjølvsagt, seier eg.
Hovedkategori: Litt å lese
Egenskap: bilder, Få karakterer, korte kapitler, luftig layout, Mye dialog
Sjanger: skjønnlitteratur
Forlag: Samlaget
ISBN: 9788234012037