Oda seier ho har velta på sykkelen
Det gjer vondt å drikke.
Vondt å smile.
Ho høyrer det knuser då handa treff ansiktet.
Ikkje alle mødre er snille.
Mora til Oda slår.
Heldigvis har ho venen Milad.
Dette er er ei brutal og vond bok.
Brutaliteten i boka dreg lesaren fort inn i historia.
Språket er enkelt med mykje dialog.
Ho slår.
Først ein gong.
Så ein gong til.
Eg dreg handbaken over munnen.
Eg klarer ikkje å skilje kva som er tårer,
og kva som er blod.
Ho plar slutte no.
Når eg græt, skjønar ho at det er nok.
Eg ser på henne.
Dei mørke auga.
Snart vil ho snu seg og gå.
La meg vere i fred.
Men så slår ho igjen.
Støttet av: Leser søker bok
Boka er en del av: Bærekraftsbiblioteket, Ordknappen 2019
Hovedkategori: Litt å lese
Sjanger: skjønnlitteratur
Forlag: Flamme
ISBN: 9788282882385