Vekevis er ei morosam og sprek historie
Ei jente har fått ein fiks idé om å skrive ein erotisk roman.
Men så oppdagar ho at ho er gravid.
Då vert det plutseleg bryllaup og oppussing av leilegheita.
I takt med at magen blir større,
blir dette med den erotiske romanen
vanskelegare å gjennomføre.
Boka fortel rått og ærleg om å vere i såkalla
lukkelige omstende: fødsel, fotball, strekkmerke, synd, sex
og andre ting blivande mødre og fedre er opptekne av.
Den natta ligg eg på golvet på dekk 3
og klamrar meg til eit kunstig palmetre.
Stormen held fram. Treet er heldigvis
lenka fast i veggen.
Barnefaren sit og spelar bingo
med ei gammal dame.
Han har tusj i heile trynet.
– Eg er gravid, seier eg.
– Det er jo strålande, svarar han og held fram
med bingoen.
Han kan ikkje ha høyrt kva eg sa.
– Eg er gravid, gjentek eg.
– Slapp av! Vi har ni månader på oss til å planlegga
alt dette, seier han.
– Åtte, seier eg.
– Det er i alle fall ingenting som hastar, seier han.
Men for meg hastar det. Kva skal barnet heita?
Kva for ei vogn skal eg kjøpa?
Bør vi ikkje mala barnerommet no
slik at barnet ikkje pustar inn farlege gassar?
Jo, det hastar.
Støttet av: Leser søker bok
Del av serien: Litt å lese
Hovedkategori: Litt å lese
Sjanger: humor, skjønnlitteratur
Forlag: Aschehoug
ISBN: 9788203198250